Det er jo litt rart at me kan ta i bruk år. Men det varer jo berre litt for snart er ho 6 1/2 mnd : ) År høyres så voldsomt ut, ho er jo så lita! Men likevel så stor! Nesten 3 1/2 kg tyngre og 16 cm lengre enn då ho først såg dagens lys i fødestova på Ullevål. Det er ei bratt vektskurve, og forhåpentlegvis den brattaste ho nokon gong vil ha...

Så kva kan Ella ved fyllte 6 mnd?
- Svelgje graut og diverse anna mat (men ikkje så flink å gape...)
- Lage mange grimasar når det kjem mat i munnen
- Stå med litt hjelp
- Dra mamma i håret (det på sida er det kjekkaste, då lagar mamma lyd!)
- Rulle både hit og dit
- Kaste ting ut av vogna
- Dukke i basseng utan å grine
- Knipe hardt i kinnet ditt
- Vekkje mamma maaaange gonger om natta
- Smile kjempesøtt neste morgon slik at mamma gløymer den forrige
- Sutte på to smokkar samstundes
- Smile og le, og fylle alle hjarter med solskin!
.jpg)
"To smokkar! Lett!"

"Hmm.. kjem ikkje det tenner snart, tru?"
.jpg)
"Håpar ikkje dei har svineinfluansa, altså..."
Me er så glade i deg, Ella vår!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!