fredag 25. september 2009

2 That´s the way the cookie crumbles

Haustveret er nydeleg i Oslo om dagane, og lysta til inneaktivitetar er ikkje stor. Sola skin og gradestokken virrar rundt 15 kvar dag, og det må me jo ut å nyte så lenge det varar. Men så er det jo godt med noko søtt til kaffien...


Så då måtte eg teste ut farmor Maria si cookieoppskrift. Ho kallar dei "360", fordi oppskrifta er litt 360...
Eg kallar den "Farmor 360". Litt som i "Nanny 911"...



Gode ting bør delast, så utan å spørje, vil eg gjerne dele oppskrifta med fleire:

360 g margarin
360 g sukker
360 g kveitemjøl
1 ts hornsalt (hjortetakk)
100 g hakka sjokolade
100 g hakka nøtter eller mandlar

Rør margarin og sukker kvitt, ha i dei andre ingrediensane.
Set på plate med teskjei (flyt litt ut).
Steikast ved 180 grader i ca 8-10 minuttar.

VOILA!!

Svært søte og gode!
Skal seiast eg hadde 50/50 med kvit og lys sjokolade, så det gjorde dei nok ekstra søte. Likevel vil eg nok ha ENDÅ meir sjokolade neste gong. Mmmm...

Ikkje minst er dei fine å ha med som ei lita vertinnegåve eller vennindegåve.
Denne tok i alle fall me med oss på besøk i går kveld:



Og medan eg likevel stod på kjøkenet, laga eg litt sviskemos med det same. Det vart fire glas til prisen for eitt i butikken. Og endå betre: Ella lika den!




2 kommentarer:

  1. Alltid lika skjønn den Ella :)
    Sååå koselig at du vil delta på basar! Hehe! Takk for linking!

    Den oppskrifto ska prøvast! Måtte le av 360... lurte veldig på om du ikkje skulle forklara koffor, heilt te eg såg oppskrifto :-p

    Ha ein nydelig søndag!
    Klem fra meg

    SvarSlett
  2. Så godt at du var innom bloggen vår, for då fekk ej komme inni bloggen dokka også. Var innom sist tidlig i vår, og klarte ikkje å finne den igjen i internettverdenen. Flaks:) Ella er nydelig, og det ser ut som at livet er godt for dokke. Det er bra! God veke til dokke. Hels Petter!

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!