tirsdag 22. september 2009

6 Prinsesse Trill Trill

sDå har Ella Marie teke endå eit lite steg i livet! Det er slutt på å liggje i bag, no skal verda skuast frå litt meir oppreist stilling i sportsdelen på vogna. Me har ikkje ein pitteliten baby lengre, men litt lang ein som nesten stanga i begge endar av bagen samstundes. Det går jo ikkje an!


Så i går kveld fekk eg sydd ein vognpose i fleece som er fin no når det ikkje er for kaldt. Den gode lammeskinnsposen Ella får (les: har fått) av farmor og farfar til jul, sparar me til kvikksølvet dalar litt på gradestokken.


Og der satt ho fint!!
Posen er for øvrig sydd av eit fleecepledd frå Jysk til 79,-. Inkludert to glidelåsar vart dette ein koseleg haustpose for ca 120,-. Ikkje verst!

Litt enklare å kaste leikene ut no (huttetu for mamma!), men ellers er det lunt og godt der innunder kalesjen!

Så kva gjorde me på vår første sportsdeltrilletur? Me besøkte ein brukthandel.


Det er ein like oppi gata her, som me har vore på før. Morro, men kan jo ikkje kjøpe noko, det har me ikkje plass til. Men me kan drøyme litt, det er gratis!
Dette er ein sånn type butikk som morfar Bjarne hadde gått rundt i og sagt "Veit du kva dei brukte denne til, Ingrid? Nei, ikkje eg heller, men eg kan tenkje meg... ... ...", medan mormor Gunn hadde sagt "Nei uff, slike er eg SÅ ferdig med!!"

Pappa Petter underhaldt dei andre kundane med å teste ut alle piano og trøorgel han kom forbi, medan mamma Ingrid gjekk seg litt bort i alt krimskramset og møblane. Det er eit STORT lager, og held absolutt på nokre skattar som kunne fått ny renessanse med eit par malingsstrøk.
Eg fann den søtaste vesle kommoden som hadde vore supersøt på eit lite jenterom *sukk...*, og til meg sjølv fann eg noko ganske liknande dette:



Eg ser det for meg i kvitt i den store fine gangen vår, i det store fine huset vårt, i den store fine hagen vår...
Eigentleg treng det ikkje vere så stort, heller. Så lenge det er stort NOK!

Petter fann eit orgel og eit par piano, det seier seg sjølv av me treng større plass...

6 kommentarer:

  1. Så utrolige kreative du er Ingrid:-) Meget imponert. Og bruktbutikkar=gøy

    SvarSlett
  2. Hei,

    Så koselig blog du hadde.

    Her er linken til den selgeren jeg kjøpt knappene av. Ser ut til at hun selger mange forskjellige sånn knapper, men fant ikke hjerteknappene igjen. De dukker sikkert snart opp. Merker jeg får lyst til å kjøpe flere knapper når jeg studerte siden ;-)


    http://myworld.ebay.co.uk/gift_stylish/

    SvarSlett
  3. WOW. A response;-) har fått ganske vid oppgave: Willoch-regjeringen. Bakgrunn og følger. Så nå er neste steg. Informasjon generelt. Og problemstilling og skriving spesielt:-) I dag regne det kattungar i Stavanger.

    SvarSlett
  4. Du lager bare VERDENS KOSELIGSTE blogg Ingrid ! :-) ....men så har du jo også verdens nusseligste lille jente som inspiresjon , og med dine kreative evner....ja da sier det seg selv at dette må bli bra :-) Kjempelekker pose du har sydd . 25 år siden jeg sydde pose.... hvor blir årene av ? Kos dere og NYT alle øyeblikkene , og takk for at du deler noen av de med oss ;-) Klem fra gamlo i Stølane

    SvarSlett
  5. Tusen takk, Nattfiol!!

    Morgenstemning: Hmm.. tvilar på han har "urge" til å settje seg ned å skrive, men om du skulle trenge eit intervjuobjekt eller researsch på den måten, så kan eg gje deg nummeret hans ; ) Han er ein veldig triveleg kar: )

    Stølanegamlo: Takk; ) Åra forsvinn inn i kropp og sinn! Jepp! Ella er så fin i lua ho fekk av deg, skal prøve å hugse å sende deg ein mms neste tur: )

    SvarSlett
  6. Ja men det ska me sjå på veit du:-) Må først må eg ha noko å spør om.tihi. We`ll see! Ha ei fortsatt fin veke. Sei at Petter må helsa te Arne(Skeie)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!