♥
Eg har altså ikkje søkt ny jobb, ettersom eg ikkje hadde ana kva tid eg kunne starta i den. Nokre småspurvar og i grunn Store Ørn, nede på Bok & Media, har kviskra meg i øyret at der er eg alltids velkommen tilbake, så eg kvilar litt på at det kan vere ein Plan B, om ikkje anna, meir utdanningsrette, skulle dukke opp. OM det skulle vere naudsynt.
Me er førebudd på at det verken vert barnehageplass eller jobb på mor på denne sida av sommarferien. Men kven veit, i dag ringte eg kommunen for å høyre om noko med barnehagesøknaden, og fekk vete at ein ny SVÆR barnehage har starta opp her på Carl Berner. Den har vore i drift før, men har dei siste par åra vore stengt. Eigentleg skulle huset verte mange nye bustadar, men det er vel nokon som har ombestemt seg i desse magre finanstider.
♥
Sophies Hage rett over vegen for oss starta opp på nytt for ei veke sidan, med 12 avdelingar og 192 plassar. Dei er ikkje fyllt opp enno, så kanskje ein av dei kan verte vår frå 1. mars? Det ville jo vore greit! Og frykteleg skremande!
Skal pittelitle Ella gjere på noko anna enn å vere med mamma kvar dag? Det knyt seg i magen ved tanken, men slik er det vel alltid. Sjølv om det ikkje er heilt heldig økonomisk, var eigentleg tanken på å få vere heime med Ella til august berre god. Ho er ikkje akkurat ein pionér i fysisk utvikling, men HAR no så smått byrja å stabbe seg opp på alle fire! Set seg opp på knea har ho gjort, og byrjar å reise seg littesågrann. Skjønt sjeldan. Men i grunn har ho god tid med det meste.
♥
Dette gjeld også under måltida. Kvifor skunde seg? Ho skal då ikkje rekkje noko! Underskrivande syns jo det hadde vore greit om dottera kunne rekkje ei lita kvil og kanskje litt leik før neste måltid. Måltida kan med fordel gå litt enklare før barnehagestart altså. Det er fint lite anna ein graut som eigentleg er velkoment inn enno, uansett kor mykje me prøver. Klumpar er i alle fall æsj! Vert graut med fullkorn servert, kjem korna ut att på tuppen av tunga. Værsågod, dei kan du får tilbake!Ho er vorten stor, ja, men på mange måtar er ho vesle babyen vår enno, og verkar så ALTFOR lita til å gje frå seg til nokon som ikkje har berre ho å ta seg av...
Men det er vel slik det er for dei fleste. Babytida flyr forbi! Det er vel kanskje noko av grunnen til at folk får fleire etterkvart : ) Den tid, den... glede! Men ikkje på 55 m2!
♥



Huff, kjenner meg igjen der ja! Noah starta i barnehage når han var 1 år og 4 mnd.. det var også veldig rart! Ej syns Noah e lillegutten min sjølv om han snart e 4.. Merkelig! Fin blogg:)
SvarSlett