Nokon har teke Ella si vogn frå under trappa i oppgongen. Smekk på truten!
Reaksjon #1: Apati
Der vogna skulle stå, stod INGENTING. Alt eg kunne sjå var hjulspor. Det tok meg ganske lang tid å tyde det eg hadde innafor synsfeltet. Etterkvart kom eg altså fram til at vogna var vekk, som igjen tyder at nokon har flytta på den.
Reaksjon #2: Sjølvgransking
Hadde EG flytta vogna? Hadde eg teke ho med meg opp og satt ho i eit skap? Ja, tanken streifa meg faktisk. Hadde eg pakka den ned? Satt den i boden? Hadde eg gløymt den der eg var sist? På butikken? Det ringte ingen bjeller.
Reaksjon #3: Tiltak
1. Ringerunde: Petter hadde ikkje flytta ho, vaktmeisteren hadde ikkje flytta ho før han reiste til Thailand, heller ikkje vikarvaktmeisteren, heller ingen i styret (ja, vaktmeistervikaren tok nokre av dei telefonane..)
2. Naborunde: berre ei var heime. Ho hadde ikkje teke den.
3. Lapp på oppslagstavla. I beste borettslagånd. Overskrifta var sjølvsagt raud og STOR.
(Ingen skal seie eg ikkje har prøvd).
Reaksjon #4: Apati II
Endane møttes, sirkelen var ... rund. Vogna var vekk, og eg mista piffen.
♥


tenk å gå frekt og freidig og berre STEEEELA ei barnevogn....snakk om "klima krise"...... dokke har iallefall ei skjønne,deilige ,Ella og hu e heldige som har dokke!!!!!!!!!love from færås
SvarSlettJeg kan se at Ella ble ganske morsk. Det forstår jeg godt. Det ble jeg også! Frekt!
SvarSlettMå lille Ella lære seg gå nå da?
Nei, lille Ella har intet anna val enn å ta beina fatt.. Litt dumt, for ho skjønar ikkje endå prinsippet med "først ein fot, så neste.."
SvarSlettMe er glad me har Ella, Færåsingar, og håpar ho er glad for å ha oss også. Ho har ikkje nemnd noko om det endå...