Det vart vedteke på ekstraordinær generalforsamling på tysdag. Ettersom lånet i borettslaget er høgt nok frå før, hadde me tenkt å stemme i mot. Men kven gløymde heile møtet? Oss det... Med det hjalp me litt til på at det vart balkong. Verdistigning vert det jo, men også auke i månadsutgifter og ikkje minst borettslagets lån altså.
Forhåpentlegvis vert det berre bra likevel!
Arbeidet startar i april, pipene vert fiksa i same sleng, så det vert nok nokre månadar me byggjekaos utafor vindaugo. Håparhåparhåpar at dei startar i riktig ende, så kaaaanskje me kan få litt sommarsol på balkongen VÅR. For det vert jo herleg! Det er det jo inga tvil om!
Den skal bli 2,4 m brei og 1,6 m djup, så der skal det bli god plass til eit glas sodavatn ein sommarskveld. Klesvasken kan tørke UTE, og me kan lufte dyne og puter. HERRRLEG!
Synd byantikvaren har hatt sitt å seie, eller kunne me kanskje fått slike fine balkongar som Gaudì teikna : )
(Likte du dei? Då bør du reise til Barcelona!)
♥
Bilete henta frå nikiomahe.com, neatorama.cachefly.net og pixdaus.com



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!