søndag 28. februar 2010

3 Dagen før dagen

Kanskje er Ella langt meir klar for barnehage enn mor anar. Ho har i alle fall klart å slette alle bileta på mobilen min, tilsynelatande med tastelåsen på. Tilnærma ingeniørkunst, vil eg påstå, i ein alder av 11 mnd...


Ein skulle kanskje tru at barnehagesekken er pakka og parkdressen heng nystrøken, men her finst verken barnehagesekk eller parkdress. Syns det er frykteleg vanskeleg å vite kva som trengs, eg, så eg får heller gå på shopping etter første dag når me sikkert er mykje god informasjon rikare. Og ny vinterdress i mars, nei det går ikkje an. Me får vere kreative fram til våren. Dei duppar vel ikkje borna i isvatn, heller..


Det vert uansett ein mjuk start på barnehagelivet. Eg står framleis utan jobb, men satsar på at nokon treng vikar snart.. Eg har i alle fall spreidd bodskapen. Enn så lenge, vert det nok korte dagar i brnehagen for Ella. Det er ganske greit å tenkje på for mor (som nok tenkjer litt for mykje for tida).


Det vert jo kjekt, då! Med mange nye leikekameratar, og nye leiker! Vind og vèr har gjort at det har vorte veldig mykje innetid med berre mamma dei siste par månadane. Eg KAN jo skjøne at det kan bli keisamt i lengda...

Og forresten, gratulerar med dagen, onkel Runar! Me gler oss til å sjå deg og alle dei fine jentene dine i påska!






post signature

3 kommentarer:

  1. Veit korleis det er! Ikkje berre enkelt. Eg gret til barnehagen, og frå barnehagen. Tapper, uten å vise det til Noah. Lykke til Ingrid (og Ella).

    SvarSlett
  2. Det blir spennende - en milepæl, det å begynne i barnehage! Lykke til! Ei skjønn jente dere har! Ella er et nydelig navn - vesla vår holdt lenge på å få det navnet!

    SvarSlett
  3. takk på vegne av Runar! Lukke til med fyrstereis til barnehagen. Det blir fint, skal du sjå:)! Anbefalar ein ganske tynn utedress/regndress slik at du kan variere med kleslaga på innsida og kle ho med fleece, ull, bomull alt etter som veret krev det. Hot tips frå den erfarne.
    klem frå systo

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!