Eg har lenge hatt nokre små syprosjekt i hovudet. Og der har dei stått fast. Strikkedilla tok heilt overhand i haust, så kom juleprosjekta (som eg sjølvsagt heilt gløymde å knipse, så der får eg ikkje gjort så mykje skryting..). Etter jul har det vore eit par babystrikkerier, og no kjenner eg at det byrjar å verte nok strikking. Det brukar å skje på denne tida av året.
Vårlengta har så smått byrja å melde sin ankomst, og med det kjem draumen om lette bomullsstoff og blondeblusar.
Eg har også planar om å lage ei nålepute på toppen av snelleglaset mitt, etter idé frå denne boka,så får me sjå kva tid det vert gjort. Eg har forvirrande mange planar, og nesten like mange lister over planane. Eg gløymer kvar eg lagrar listene, difor må eg skrive nye..
Men siste veka har eg fått anda over meg (som i ånd, ikkje kvakk-kvakk...). Eg trur det kan vere sistemånadipermisjonspanikk som har gripe tak, for eg har vaska alle golv, vaska badet, skura komfyren, skura vifta, tømt det tette sluket, baka, flisa kjøkkenet (dette kjem eg nok tilbake til) og sydd to bukser. Eg er rett og slett imponert over eigen innsats på heimenbane denne veka. Bukkenikkenei!
Ella var veldig interessert i å hjelpe meg å klippe ut mønsteret, men å stille som modell... not so much! Det var noko på kjøkkenet ho måtte sjekke, sa ho, så var ho vekk...
♥



Så flott topp du har fått på bloggen din, den var veldig søt, og så må eg få skryte over kor flink du er med bilder. Eg er veldig imponert over både tekst og bilde i bloggen din. Er kjekt både å lese og å sjå. Eg kjente meg veldig igjen i innlegget ditt. Eg lagde ei liste her om dagen og eg har nesten 10 uferdige prosjekt liggande.. som av ulike grunnar stoppar opp. Og så er eg veldig hekta på noko ei stund og så er det BOM stopp. Gler meg til i morgon og treffe deg og dei andre. Det blir kjekt! Klem Terese
SvarSlettO du store husmor som lever i sistepermisjonstida! Eg har 150 m2 i Kristiansand som du kan få boltra deg på! Vasking, skuring, sying, strikking - ALT er lov!!! :D klem systo
SvarSlettMe kan gjerna byta, systo : )
SvarSlett