mandag 22. februar 2010

0 Mormor på besøk ♥

Dei siste dagane har me hatt mormor på besøk. Uheldig nok vart eg pjusk, og har stort sett vore innafor dørstokken, men eg trur ikkje mormor har kjeda seg likevel. Ho trossa dei mange minusgradene og sprang i skytteltrafikk mellom Carl Berner og St. Hanshaugen. Det er mykje god trim i å vere mormor.




Og som vanleg etter mormorbesøk, har det drype på klokkaren (meg, ding-ding!). Det står ein nydeleg, blømande orkide i vindaugskarmen, frysaren er full av vaniljebollar, og både min og Ella sin garderobe har ekspandert.


Finast av alt er denne nye jakka til Ella. Den har mormor sydd! Er den ikkje fin, vel? Berre glidelås manglar *skrive på handlelista*. Så kan den bli med på tur. Vårtur kanskje. Om litt.


Takk for besøk, mormor (og mamma)! Tida gjekk alt for fort, men så kjem jo snart me på besøk : )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!