søndag 14. februar 2010

2 Morsdag ❀ Fastelavn ❀ Valentines

Tre ting på ein gong! Reine kinderegget jo!
Men storfeiring har det vel ikkje vore i Misjeheimen avd. Oslo.


OL har starta, og det same har nattevaktene til Petter. Så han sov frampå i dag, og søv nok frampå til mars.
Så ingen frukost på senga med det fyrste... Men Ella hugsa meg då! Ho hadde lagt sjokoladehjarter og eit veldig fint kort på kjøkenbordet. Ho som ikkje ein gong rekk opp til kjøkenbordet. Ho hadde jammen strekt seg for å gjere mamma glad. Snille jenta!


Kanskje ikkje like positivt at i skrivande stund er klokka 23:29, og Snuppis kravlar rundt på golvet med snørrenase og slimhoste. Sove vil ho IKKJE. Kanskje fordi smokk og tett nase ikkje let seg kombinere, då slit jo Ella Smokk Misje. Uansett, tårer og hikst for ein halvtime sidan, no verkar ho derimot forunderleg oppegåande. Og slett ikkje trøytt. Usj...


Og så var det fastelavn då. Eg gløymde å kjøpe kremfløyte, eg... så planen var baking av ostekake eller muffins etter babysymjinga (heilt sant!), me så ringde jo kokke-Ole, som irriterande nok (men HURRA også!)  også er vorten bake-Ole. Han innviterte på fastelavnsbollar. STORE fastelavnsbollar med MASSE krem og masse HERLEG kirsebærsyltetøy. Ojojoj, så godt! Og linken til matbloggen hans ligg no i høgre kolonne. Eg veddar ein tiar på at du vert frista av noko der inne.



Men på tampen av innlegget, desse fekk eg av Pettern ein heilt vanleg dag forrige veke...


Han kan når han vil. Han kjem berre så sjelden på at han vil...

2 kommentarer:

  1. Kjempe kjekt å lesa den fine bloggen din,Ingrid:) -Og Ella e knall skjønne, glede meg t å sjå na;) God helg! Klem Solrun.

    SvarSlett
  2. Tusen takk for tipset, men føler at jeg har forsøkt det meste. Men jeg fikk sendt bildene på mail til naboen, så hun har fikset det nå.

    Fin blogg du har og en nydelig liten prinsesse.

    Ha en fin kveld

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!