Ti dagar over tida. Stor og god, og med ein hovudomkrins jordmødrene ikkje såg til kvardags. Men så var det jo sundag!
Men framleis veldig lita. Bittelita og hjelpelaus, og berre vår. Litt skremande, og veldig herleg!
No kjenner me ho betre enn våre eigne bukselommer, men mest kvar dag er det noko nytt.
Ei gladjente som sjarmerar dei fleste. Og applausen sit laust. Raus med ros. Det er mamma og pappa også. Ein på babysymmjinga syns det var i meste laget å klappe for ho når ho hadde ete opp maten sin. Han skulle berre visst...
Å få mat i denne jenta kan slite ut den beste maur (som jo er kjent for å ha stor stå-på-vilje). Men det er vel også det einaste eg har å sete fingeren på. Og kanskje burde eg visst det kom, ettersom eg var akkurat lik sjølv. Jaja, det varer i så fall berre i 13-15 år...
1-årsdagen vart feira heime på Kalveid med snille (og spreke!) Anne Grethe som (heiders)gjest. Det var kos! Og sjølvsagt kake, bollar og is. DET var ikkje vanskeleg å ete! Løye...
Mot slutten av selskapet fann Ella puta sjølv. Ho er ikkje heilt i slaget, pusen vår..
♥
Og til slutt, litt mimring...
Aldri har hjarta mitt dunka sterkare!
♥






Ella har blitt stor!! Her i Finnmark er det kaldt og tomt for Ella-kos, så savnet blir ikke mindre når jeg ser nye, nydelige bilder av dattera mi! Gleder meg enormt til gjensyn! :-)
SvarSlettKyss og klem fra pappa.
INGRID! Du din snik og luring! Men så hyggelig. Gratulerer med nydelige Ella. 1 år, det er stort det. Moro at du har har funnet meg langt der ute i bloggverdenen:)
SvarSlettTakk for en koselig ettermiddagsstund i bursdag til lille Ella som er blitt SÅÅÅÅ stor . Speil , speil på veggen der..... Jeg er ikke i tvil om svaret : Ella er vakrest i landet her ;-)
SvarSlett