Mor og dotter er komen vel fram til fagre Fitjar. Det var fantastisk å kunne settje seg på flyet og puste ut. Det gjekk denne gongen også. Det er ikkje berre enkelt å reise åleine med Ella på magen, sekk på ryggen, pakka vogn i eine handa og koffert og bilsete i den andre.
Og det er ikkje det at eg ynskjer å vere usjølvstendig, men det slår meg jo at eg drukna jo ikkje i gentlemen på min veg vest... Det går jo an å spør, så kan eg heller takke nei : )
Eg ser også at det var noko optimistisk å ha med seg joggesko heim. Her er jo véret verre enn på austlandet. Innevér altså. Ella lid også av ulike barnehageskavankar som konstant rennande nase, og forlate-mamma-panikk. Og feberen kjem litt no og då. Den har nok sterkast samanheng med skavank 1. Håpar eg.
Så kva skjer?
Me har t.d. laga knekkebrød. Mormor Gunn var prest og mamma Ingrid var klokkar. Mormor laga deigen/røra, og eg passa på steiketida. Resultatet vart sunt og godt, og ettersom det er sundag og eg er i godlaget, skal eg dele oppskrifta med dykk!
Knekkebrød
2 dl grovt rugmel
2 dl havregryn (lettkokt)
2 dl havrekli
2 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl kruskakli
1 dl linfrø
3 ts maldon salt (havsalt)
7 dl vatn
Alt blandast saman, la det stå litt så vatnet trekk seg inn i kaninmaten. Smør det utover på bakeplater (bruk bakepapir).
Strø på ekstra sesamfrø om ynskjeleg.
Steiketemp.: 180˚C
Steiketid: 45 min
Ta brettet ut etter 10 min for å skjære ruter m/ pizzahjul.
Etter endt steiketid, skru omnen ned til 100˚C. Ta ut plata, vend knekkebrøda og ta av bakepapiret. Steik (tørk) vidare i omlag 15-20 min m/ døra på gløtt.
♥
Jo tynnare dei er, jo sprøare. Og så kjem det vel også an på den siste steike/tørketida.
GODT!! Mmmm... Og enkelt, men noko tidkrevande. I ventetid. Men då kan ein t.d. leike med Pus.
God sundag!
♥





GRATULERE MED DAGEN JENTA MI!!!! Vesle Ella er 1 år i dag, og pappa er laaangt vekke... :-( Jeg vet jeg har sviktet allerede, men jeg kommer sterkere tilbake!
SvarSlettElla - I love you!
Huske du hadde lagt ut denne oppskrifta, og nå har eg prøvd den. Men dei blei tjukke!! Googla oppskrift på knekkebrød og fekk opp samme oppsrift, men der det skulle fordelast på TO plater... Blei dine også tjukke?
SvarSlett