Det vart pappa Petter i dag! 30 år! Gratulerar, mannen min! Dagen vert feira i Alta, langt borte frå konemor og Ellamor. Litt trist, syns me alle. Ti dagar på vidda for å fylgje hundespanna i Finnmarkslaupet med kamera. For så vidt godt han kjem seg litt oppover, han som aldri har vore nord for Gjøvik.
Håpar skjegget kjem til nytte.
Dagane er travle sjølv om eg berre har jobba litt over halv stilling. Eg og Ella er jo ikkje vande med slike tidlege morgonar. Og særskild tidleg er det jo strengt teke ikkje, ho må vere i barnehagen til 0930, og eg går på jobb etter det. Og jobben siste veka har vore gode, gamle Bok & Media: ) Dei var gode sameritanar og tok ei jobblaus inn i varmen. Ein liten stall bakerst i butikken. Heilt topp.
Men det tek på å jobbe! Så trøytt så trøytt...
♥
Det er ikkje berre berre å gå i barnehagen heller. Augelokka heng langt nedover pupillane på Ella når eg kjem for å hente ho. Bøttetrøytt. Ho sovnar som ein stein når me kjem heim, og igjen på kvelden. Men kor lenge var Eva i Paradis? Snåttenasa kitlar og renn, og tettar seg til. Får ikkje sove med slikt, kan du vete.
Mor Ingrid håpar på at god vestlandsk sjøluft skal reinse systemet. Ikkje minst gje god søvn HEILE natta. Mmmm..
♥
Ja, 30 år gitt!
SvarSlettNRK overrasket med kake og champagne på det som skulle være et helt ordinært møte, og på kvelden spanderte resturant Han Steike bursdagsbiff med dessert! Skal ikke klage :-)
Men nå må det jobbes her i Alta...