I dag skal me til Oslo att, men kjem tilbake om halvanna veke. Dei små grå jobba vel ikkje på 100% då dei ulike flybillettane vart kjøpt, men...
Ella har vore godt forkjøla, og hatt stygg hoste, så me har haldt oss mest inne i det rå ☂ veret som har vore her. Dessutan har ho fått konstantert (av meg) lett antenneleg bilsjuke, så bilturar skjærte me også drastisk ned på.
Så då satt me her då...
♥
Eg fekk gjort noko eg burde gjort for lenge sidan, og har tenkt på nesten tusen gongar: laga meg ein reflektor. Med eit forhaldsvis nytt 50mm-obejektiv, eller eit såkalla portrettobjektiv, vert det mykje nærbilete. Og då er i grunn ein reflektor i mange tilfelle naudsynt, i alle fall til veldig god hjelp, om ein skal ta gode bilete. Og det er jo det eg vil. Ta gode bilete. Men det er framleis berre eitt og anna som vert GODE. Mange er greie, og flest er dårlege. Dei kjem som regel ikkje på bloggen.Min faste modell har vore ganske kamerasky denne veka, meir grinete mammadalt eigentleg. Men effekten er der jo likevel.
Så her er bileta frå fyrste test:
Utan reflektor
Med reflektor
Som de ser reflekterer reflektoren lyset frå vindauga og mjuknar opp kontrastane på EllaModella. Stilig?
(Bileta er elles ubehandla, så dei er litt "spake"...)
Reflektor altså, laga av ei papplate (i dette tilfelle 3 stk som eg stifta saman) og aluminiumsfolie. Lett som ein plett, og kjekt å ha om ein likar å knipse litt!
♥




Stilig, Ingrid, og lett som en plett :)
SvarSlettKommer det forresten ikke snart 12 mdrs-bilde av Ella i margen??
klems
Flink du Ingrid! Hm...
SvarSlett