1. sundag i advent tende borettslaget julegrana i bakgården vår, nissekorpset spela og med lett snøfall var det riktig så stemningsfyllt.
På sundag er det 3. sundag i advent. Jula er her snart. Eg er ikkje heilt klar, men skal ta i mot den med opne armar likevel : )

Kuldegradene har vore mange lenge, så heldig var eg som vann ei supergod Napapijri-lue til Ella på bloggen Noe På Hjertet.
Den er litt stor i år, men god som gull for det!
Skjønt, Ella er noko skeptisk til å ha den på...
Men her gjekk det fint! Ser den ikkje fantastisk god ut? Den ER det!
Ella snusa litt på julelysa og verka godt nødt med juletreet i hagen. Me kikkar på det frå vindauga kvar dag : )
Og snart kan me kikke frå balkongen vår også! Den er ferdig, men manglar nøkkel og handtak. Det kjem nok når stillaset er teke ned.
♥



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!