fredag 31. desember 2010

2 Årskavalkade 2010

Januar: Ella kjem seg på beina og dukkar stadig opp på nye stadar. 

Februar: Me nyt siste frimånad saman. 
Det byrjar å krible i magane til jentene i huset, Ella Marie skal om kort tid starte i barnehagen!

Mars: me feirar to store fødselsdagar!

April: Ella Marie går heilt sjølv og får ORDENTLEGE sko, og dei er av GULL : )

Mai: Våren kjem og skoa vert godt brukt! 

  
Juni: sola glimtar til, men Ella Marie er framleis veldig søt inne også ; ) 

Juli: sommarsalat servert på eit no nedbrent bord...

August: kjærasttur til Paris. 4 dagar borte frå Ella, ho vart veldig fornærma.
Eg startar i ny jobb. Nok om det.

September: bror giftar seg med si vakre brur. Så flyttar dei frå oss til eit stort hus på andre sida av landet. Makan.

Oktober: varm og god haustferie på Gran Canaria. Farfar og pappa P prøver det meste for å få Ella ut i bassenget. Ho ser underhaldningsverdien og ventar med å hoppe til nest siste dag : )

November: Vinteren kjem med sine mange kuldegradar og me er med på å tømme vedlageret i Oslo.

Desember: ei kvitare jul enn me nokon gong har hatt, heime hos mormor og morfar. Gode og folkerike dagar saman med familien. 
Me køyrer til austlandet att med heimehogga ved frå Flatholmen i bilen.
Tusen takk, morfar!

Og kanskje kjenner du deg forbigått fordi du det ikkje har hamna noko julekort frå Misjane i postkassa di? Ja, så langt kom me altså aldri i år... Sjå på dette som julekortet ditt, du! 

Godt nytt år!

post signature

2 kommentarer:

  1. Skikkelig koselig kavalkade!!

    Ha en flott feiring av kvelden. Ser frem til å følge deg også i 2011! Godt nytt år til deg og dine!! Klem!

    SvarSlett
  2. Så kjekt å bli litt oppdatert på livet dåkas!! Glede meg te å følga med videre her. :)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!