Det vert ikkje så mykje knipsing om dagen. Det er så mørke dagar.
I tillegg er eg i prosessen med å byte redigeringsprogram. Eg har brukt Aperture lenge, men ikkje vore heilt overbevist... Photoshop har eg brukt som eit tillegg, men no skal alt over der. Blir nok bra til slutt, men ikkje akkurat no. Men øving vel som regel mester.
Det var berre denne tida som ikkje alltid strekk til...
Me har ikkje eingong fiksa julekort enno!
Eg og Ella har innesøndag og slappar av etter shoppinglaurdagen. Pappa er på jobb.
Peiskos, gåvepakking, teikning ("NEI ELLA! Ikkje på sofaen!), og fire adventslys.
Fire!
♥


Skal se at Ella blir designer siden hun allerede vil dekorere sofaen :-)
SvarSlettså koselig. Savne peisen her i heimen kjenne eg:) -Bergljot-
SvarSlett