Heim er jo relativt. Både her og der. No skal me heim til mormor og morfar. Der har eg ikkje feira jul på seks år! Pappa P har aldri feira jul der, me har vore i Kristiansand i "mine" juler etter me gifta oss.
Og jammen ser det ut til at me skal få ei kvit vestlandsjul! Hurra!!
Det har dukka opp mange rare ting i heimen til Ella dei siste vekene. Keramikkenglane frå Krakow og Tallin er favorittar. Mor fylgjer leiken med ørneblikk!
Spørs om julepynten til mormor får stå i fred med fem borneborn springande rundt : )
I morgon er siste arbeidsdag, Pappa P har fri og skal pakke bil, Ella skal ha kort dag i barnehage og litt utpå dagen ber det over fjellet med oss alle.
Det er meldt laber bris og lett nedbør, så då bør vel marginane vere på vår side.
Me kryssar fingrane likevel.
♥



God tur, og god jul! Til dere alle tre :-)
SvarSlettHa en fin feiring og kos dere masse!