Nytt frå i fjor sommar er balkongane i borettslaget. Dei har blitt veldig fine og har glidd omtrent umerka inn i fasaden. Vårsleppet er i gong, og nyfiken som eg er, syns eg det er artig å sjå kor folk eg har sett i bakgården bur. Det er eit stort borettslag, og me bur ut mot den finaste og mest brukte bakgårsdhagen, så me har prata med långt frå alle. Men no helsar eg stadig på nye, frå balkong til balkong. Artig!
Ein benk og eit par potteplanter har flytta ut for sommaren, og me sit der og held dei med selskap så sant sola varmar. I håp om eit søtt bilete, kom eg "i skade" for å fortelje Ella at plantene lukta nam-nam... Frykteleg upedagogisk, så klart. Ella måtte jo smake. Håpar ikkje dei er giftige. Eg hugsar ikkje namnet på dei, så eg får ikkje sjekka : )
Ikkje luktar dei noko heller. Men det vart for så vidt eit søtt bilete : )
♥




Så deilig med balkong! Vi har en innglasset vinterhage. Deilig der også, men skulle gjerne at noe som var helt ute.
SvarSlettBlomsten din ligner på Lavendel - men da burde den jo ha luktet masse, så da er det vel noe annet da!
Skjønne bilder!! : )
Hei, Kristin! Er så koseleg når du stikk innom : ) Men nei, ikkje lavendel.. Trudde også det først, men den stod på sida...
SvarSlettSå fint! Så lenge ho ikkje har kasta opp eller blitt bå i ansiktet e da sikkert greit. :)
SvarSlett