Eg ELSKAR pakkar i posten!
Eg elskar pakkar! Punktum.
Og ettersom eg er i mitt 31. år, og spaninga er like stor som for tjue år sidan, reknar eg med at denne barnlege gleda kjem til å vedvare. Det syns eg er heilt topp! Det er så mange andre ting som mister spaning. Laurdagsgodt til dømes. Eg kan jo kjøpe snop akkurat kva dag eg vil, og dessuten så set det seg fast no. Rundt midja.
Og å leige film. Det var stort, det. Det skjedde ein gong i året, og nervene var i høgspenn. Virka den EINE movieboxen dei hadde inne på Videoen? Eller ville ikkje flimringa gje seg denne gongen?
Uansett! Pakken!
Pakken eg henta for Pappa P på Posten i dag, viste seg å ikkje vere ein kjip CD frå Play.com, men ein stor bobleplastpose frå Tante I! Så det er HO som er påskeharen!
I den låg den n y d e l e g a s t e påskepynten/heilårspynten til både liten og stor!
Eit stort, fantastisk fint egg frå Royal Cobenhagen og den søtaste vårkanina frå Maileg, "Kanin Fin" som Ella har døypt den: )
Dette gjekk rett heim hos meg. Eg hadde faktisk tenkt å gå å handle meg eit slikt egg eller to i mindre størrelse til påske, men rakk det aldri. No trur eg at eg må gjere det likevel, så snøklokkene får litt selskap: )
Tusen takk, snille Tante I! Gode kosar er sendt din veg, ta i mot!
Ella er for øvrig frisk og rask att! Og har fått seg ny SYKKEL i dag! Sikkert meir om den seinare : )
♥







Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!