18. mai burde vore offisiell fridag. Dei vaksne er slitne og trøytte etter tidlege frukostar og seine sosiale samankomstar. Borna befinn seg i eit eller anna hybridmodus av bøttetrøytt og framleis høge på sukker. Det var ein lang dag på jobb i dag...
Men dagen i går var veldig koseleg! Me hadde våre Færøyske vener på frukost, eit svært så hyggjeleg måltid som varte og rakk, men me kom oss ut i sola og ned på Grünerløkka til slutt.
Der var det passe mange folk, og ein ledig benk.
Korpset ved flaggstanga var derimot fråverande i år, til mors (meg) store skuffelse. Flagget gjekk til topps utan nasjonalsangen for fyrste gong på dei fem 17. maiane me har feira her i gata. Me som skulle stå på balkongen med handa på hjarta!
Men festdagen var fin, den! Og Ella Marie var endå finare! Heilt fantastisk søt i matroskjolen frå mormor, om eg skal få seie det sjølv. Musefletter er som regel ikkje noko problem å få lage lengre, og ho slepp å sjå ut som eit troll på håret. Hihi..
I dag tok dei bilete i barnehagen, og me sendte ho avgarde med litt småfeber, som ho for øvrig ganske snart sprang av seg. Men smilet satt visst langt inne. Langt, langt inne. Dei fann det ikkje. Skeptikaren vår. Moro uansett, i og med at ho kanskje ikkje skal gå så mykje lengre i den (veldig herlege) barnehagen...
✿
Det var en skjønn 17 mai jente,har vel hatt besøk av farmor i etterkant og det er vel stas.Kos dere, vi reiser til Kr.sand om en liten stund.Skal vere hushjelp og mormor noen dager.
SvarSlett