Morgonen starta finfint med Ella som plukka meg litt på auga og viska "Mamma!!"
Då hadde me sove lenge nok, og det var heilt greit for klokka var over halv ni : )
Morgonen haldt fram å vere finfin då mor på andre dag på rad fekk lov å lage musefletter, og Ella sjølv utbraut "Se, mamma! FIN!"
Det same sa ho då ho i same blikk i spegelen såg at ho hadde den nye uhu(red.: ugle)-pysjen på seg.
Morgonen vart, om mogleg, endå finfinare då Ella ville sitje ved kjøkenbordet og ete frukost, og ein heil toast gjekk ned medan ho venta på å få rosiner til dessert.
No søv ho på snart tredje timen etter oppkast i sofaen. Og på uhu-pysjen. Snufs.
Bilete er frå løkkaturen i går. Ella og eg kosa oss i sola, og på McDonalds. McFlurry Orio er favoritt både hos liten og stor Misje. Mmm!!
Men ikkje i dag...
♡


God betring Ella Marie!:-) GOD kveld til dykk i stova! -immm-
SvarSlett