onsdag 15. februar 2012

2 Heimedagen

Ella har fri frå barnehagen på onsdagar. Onsdagar går difor stort sett til små og store, sølete og klissete, høglytte og utfaldande, og fargerike aktivitetar. Maling, teikning, pussling, billedlotto, baking, duplo, fotball og instrumentspeling... Favoritten er nok pappa P sitt trommesett i kjellaren, men det er ikkje alltid så lett å kombinere med jobbing for pappsen.
Herlegare utevér med små vårteikn skal bli deilig! Eg er nok ikkje like flink som barnehagen til å gå ut i allslags ver, og Ella er ikkje like tolmodig med ho mor som saman med alle leikekameratane.


Ella har overteke mine penslar som ein gong vart brukt til maling av akt og stilleben på HiO... Sukk!

Eg har fått ei kjempefin oppskrift på heimelaga plastelina, den skal eg dele ein anna dag!
Ellers tek eg gjerne i mot tips om artige ting å gjere på heimedagen : )

I ettermiddag er det barne- og babysymjing. Erik starta dette semesteret og likar så langt aller best å drikke bassengvatnet...


post signature

2 kommentarer:

  1. Skjønne bilder!! Og så koselig for både Ella og deg å ha en dag sammen.Ser ut som det er riktig flott utstyr hun har fått arve av deg.

    SvarSlett
  2. Koselig med hjemme dager, jeg ser frem til oppskrift på plastelina. En populær aktivitet hjemme hos oss også! Kjempefin blogg du har, den legges herved til i lista mi! Akkurat etter min smak :)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!