...kan ein lage pai.
Eg skal ikkje skryte på meg at eg har laga crust´en frå botn, pakka i butikken er god nok.
Ellers...
kylling
kokt skinke
brokkoli
sopp
tomater
raudlauk
kvitlauk
og ein tanke chili...
Røra består av
egg
mjølk
cottage cheese (veldig godt!)
salt og pepper
og så skulle det vore ein del fløyte... det var det ikkje i mitt kjøleskap.
Kanskje det er grunnen til at den vart litt flytande? Eller kanskje den burde hatt lengre steiketid? Me skulle rekkje barne- og babysymjing, så det vart som det vart. Smakte veldig godt, men mitt planlagde perfekt-paistykke-med-snerten-salat-på-sida-bilete kunne eg berre gløyme. Next time!
Me har nok ikkje hatt så mykje pai i det siste. Eg siterer Ella og meg:
- Å til middag i dag? (skulle tru ho hadde vakse opp på sørlandet)
- Pai.
- Hæ?
- Pai.
- Hæ?
- Pai!
- Ååå!! Jeg ELSKER hai!
♥


pai, ja... Det kommer jeg liksom aldri på å lage :p Kanskje prøve en dag, da!?
SvarSlettSå iallfall veldig godt ut :)
haha, HAI, eg ler!! Eiril er forresten og kommet i "hæ"-alderen. Utrolig irriterende...
SvarSlett