torsdag 23. februar 2012

7 Karneval

Ella har øvd seg i fleire dagar på tigerbrølet ho skal skremme alle med i barnehagen i dag. Den fine drakta er lånt av fetter Konrad. Og så måtte me jo male litt. Enklare sagt enn gjort med ein liten sprelsk tiger som helst ville gjere det sjølv.
Og sleip andletsmaling frå daglegvarebutikken er vel heller ikkje å anbefale. Må hugse å sende pappa på Standard neste gong han er i Oslo!


Men Ella vart godt nøgd, ho! Og gleda seg storvegs til både brøling og pølse i brød i barnehagen: )

"Bursdagsbornet" i forrige innlegg rakk akkurat å feire litt før han vart frykteleg forkjøla og febersjuk. Det sit framleis litt i, men stemma er på veg tilbake : )


post signature

7 kommentarer:

  1. Nydelige jenta vår!! :-)

    SvarSlett
  2. VERDENS SØTESTE TIGER ! <3
    Det mener nå hvertfall gamla i Fitjarstølane ;-)

    SvarSlett
  3. Så fin:) Flink med ansiktsmaling du!

    SvarSlett
  4. Så fin ho var! så flink du er å mala!!! (Selma og Magnus gjekk glipp av karnevalet i sin barnehage, me var jo på Kolbotn...)

    SvarSlett
  5. ÅÅÅÅÅ! Tøffa! Heldige Ella som har ei flink og kreativ mamma :) GO HELG!!!!! Klem

    SvarSlett
  6. Dersom Erik er frisk att så er det nok fordi dykk gløymde forkjølelsen hans igjen her hos oss. Gustav tar vare på han enn så lenge, men dykk kan få den igjen når som helst...

    SvarSlett
    Svar
    1. Oh no!
      Nei, gløymd vart den ikkje, men han delte kanskje litt?

      Slett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!