mandag 6. februar 2012

2 Kvitt ei lita stund

Snøen dala tung og våt på morgonen i dag, og eg måtte skunde meg å knipse litt. Den fall fort av greinene igjen. Skulle så gjerne hatt det eit par grader kaldare, så hadde den vore så mykje kjekkare. Tippar det veks fram ein del snømenn rundt omkring i dag.



Naboen har så stemningsfull lampe hengande utafor. Den er nydeleg om kvelden! Det er berre ei glasskrukke i netting, med ei lyslenke kveila oppi. Eit lite DIY-prosjekt (Do It Yourself) for den som måtte ynskje. Trur ikkje eg skal kopiere naboen, får heller late som den er litt min : )

Det verkar som det stadig er trøbbel med kommentarfeltet her inne. Eg får lest kommentarar på e-post, men dei dukkar ikkje opp her. Dumt! Men ikkje la det stoppe deg frå å prøve! Brått verkar det : )


post signature

2 kommentarer:

  1. Disse bildene var utrolig nydelig!<3 stemningsfult. Mvh Lisbeth

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!