tirsdag 17. april 2012

4 Framtidsplanar allereie?





Åtte månadar i dag!


post signature

tirsdag 10. april 2012

6 Flatholmen april 2012


Den nye hytta på Flatholmen veks i rykk og napp. Arkitekt Anne Britt Tornes har teikna den inn i landskap og hyttetun, og fagarbeidarar byggjer under godt oppsyn av prosjektleiar Min Far : )
Det er faktisk ganske utruleg at denne er på veg opp, ettersom det omtrent er umogleg å få opp nybygg i skjærgården i 2012. Denne vert bygd på gammal grunnmur av sauefjøs og uthus som høyrde til tunet der min morfar vaks opp frå 1913.


Hytta er bygd i sibirsk lerk, og skal ikkje malast. Den vil gråna med tida, og gå endå meir i eitt med naturen rundt. Dei store vindaugo speglar hav og himmel og slepp inn masse herleg lys i stova og på hemsen.


Siste framskritt er isolering og straumopplegg, ikkje heilt ferdig, men undervegs. Så er det kledning av veggar og tak som står for tur.


Grunnarealet er rundt 40 m2, nede vert det inngong, bad, eitt soverom med dobbelseng og stove med open kjøkkenløysing.
Oppe er det eitt soverom og hems. Mange sengeplassar om ein ynskjer.


Det skal opp ein mur av naturstein rundt delar av hytta. Over inngongpartier er det glasstak som bind saman hytte og "anneks". Steinmuren der er original. Dette tilbygget vil fungere som lagringsplass/bod/matbod, men kan også romme ekstra sengeplassar. Her vert det ikkje straum.


Gamlehuset treng litt oppussing, men det må nok vente litt til. Blikktaket skal nok bort, og kanskje vert det kvitt for å få meir heilskap i tunet?

Eldre innlegg om hyttebygging på Flatholmen finn du her.


post signature

onsdag 4. april 2012

1 Ingen store planar

Berre familiekos hos mormor og morfar, saman med bror, svigerinne, små fetrar og større kusine med familie. Kos : )
Om sola er grei, vert det nok litt båt, Flatholmen og kanskje ei grilla pølse eller to. 


Glad påske!


post signature

mandag 2. april 2012

1 Made in bhg

Nokon meinar det er stygt.  I alle fall meinar Halvor Bakke det, interiørflink som han er. Ikkje eit vondt ord om Halvor Bakke, hans synsingar om stygt og fint matchar godt mine, men han syns ingenting om barnekreasjonar. Det gjer eg.


Kanskje er det fordi Ella akkurat har byrja og kome heim frå barnehagen med meir enn skrablerier av "noko" (jmf. Ella sjølv), og dette er heilt nytt og eit lite hopp i mi korte karriære som mamma?
Kanskje er det fordi kunst- og handverkspedagogen i meg ser finkoordinasjonens utvikling og medfylgjande stigande sjølvtillit hos bornet? 
Kanskje er det fordi eg generellt set stor pris på det handlaga?


Eg vert i alle fall varm om hjarta og sprudlande stolt når Ella kjem springande mot meg med små, gule fjærkre og ropar "sjå kva eg har laga til deg, mamma!" Og eg syns den er FIN (trur i grunn eg har dei fleste mammene med meg på denne).
Så kva om det dett av eit auga i farten? Plukk det opp og lim det på att.
Eg plukka av resten med det same, og limte det på på nytt att med ein litt mindre barnevenleg lim enn den dei brukar i barnehagen. Så held det i mange høgtider framover : )


post signature

onsdag 28. mars 2012

4 Typisk

at på heimedagen til Ella er det øs pøs og noko som må vere sterk kuling. Eg tør ikkje leggje Erik ut i vogna for å sove eingong, i frykt for at han skal blåse bort. Det kjennes som om taket lettar snart. 

Typisk også at hundreogti ting burde vore gjort i huset, men ho mor har nakke/rygg-kink på fjerde dagen, og alt er eit ork. Ein sånn type som går heilt ut i fingertuppane, og rett opp i hovudet - og om ein skal kikke bak seg så må ein vri på hoftene for å kome rundt. 
Denne kinken kjem sånn ein til to gongar i året, og har noko med ei utflating i nakkesøyla å gjere, og INGENTING med mangel på trening.... kremt..
Eg syns så innmari synd på meg sjølv : )



Fine blomar, ikkje sant?
Eg fekk dei av koret som pappa P var vikarpianist for på eit par øvingar og ein konsert. Dei var så glade for å få låne han. Hihi..


post signature

søndag 25. mars 2012

5 Tivoli

med sukkerspinn og popcorn!
Nam nam!

Herlege sola! Erik har jo knapt sett den før! Det var på tide, syns me.


post signature

fredag 23. mars 2012

0 I dag er det SOL!

Då kan ein ikkje sitje her og hengje!
So long!



post signature

tirsdag 20. mars 2012

3 Post bursdag

Tre av dei siste fire dagane i forrige veke gjekk til bursdagsfeiring. Me har storkosa oss i små og litt større selskap, saman med små og litt større vener og fin familie.
Like kjekt er det for bursdagsbornet at det stadig ligg ein ny pakke i postkassa sjølv om det ikkje er bursdagen lengre : )


Ei litt skeiv neon-rosa kake (den skulle bli sånn søt rosa), litt for store, og dermed etter mi meining litt uappetittlege cake-pops, kakepynt laga av ein litt for trøytt 2-bornsmor som ikkje kan sjå forskjell på gul og rosa, men dette veit berre  eg  du...

Dagane derpå:
Å ha ein 3-åring i hus er ganske likt som å ha ein nesten-3-åring i hus. Eit lite troll i fåreklede. Verdas beste troll : )



post signature

fredag 16. mars 2012

5 Snuppa er her!

Ein ny Misje-baby er fødd, ei lita niese og kusine. Akkurat passe stor og lang, i motsetning til lua ho fekk av tanta si. Meg ja. 
Eit tradisjonelt mønster frå Sandnes Garn, men eg droppa heklekant og knyting i hals, og satte på eit par knappar frå Snella & Petronellas Knappefabrikk. Der har eg for øvrig vore ein gong. På St. Hans haugen. Herleg å kjøpe knappar av knappemakarar i kvite labfrakkar  : ) 
Uansett, det står fjong jente på knappane, for det måtte det jo bli!


Velkomen til oss, Ada!


post signature

torsdag 15. mars 2012

4 Er det bursdagen min i dag?

...kviskra ho inn i pappa sitt øyre tiiiidleg i dag.
Ja, I DAG er det bursdagen din, Ella Marie.
Du skal få pizza og kake og det du ynskjer det aller mest: muffins : )
Og du skal få krone i barnehagen og sykle så mykje du vil i stova på den nye sykkelen din.
Og du skal få vilja di uansett. I dag.



Gratulerar med dagen, aller kjæraste Ella Marie vår!


post signature

søndag 11. mars 2012

0 Tenk...

å ta middagsluren sin her... 


og vakne opp til dette...


Det var forige sundag. 
Denne sundagen er me litt vérsky og held oss innandørs i suppevéret.
Ella og eg har akkurat ete kvar vår kokkosbolle i anledning Pappa P sin bursdag. Bursdagsbornet er i Oslo på jobb denne helga - litt mutt for at han ikkje er på Finnmarkslaupet i år. Me andre er glad han kjem heim på måndag og ikkje om ti dagar.
Gratulerar med dagen din der borte! Ta gjerne med litt solskin heimatt!

post signature

tirsdag 6. mars 2012

9 Le cuisine

Ganske teit at eg prøver meg på fransk i grunn, eg kan telje på ei hand kor mange ord eg kan. Men dette er altså eit av dei. Kjøkken.
Ella har fått nytt kjøkken. Laga av underskrivande. Det er litt lenge sidan sneak peak´en. Reknar med de har vridd på dykk både muskelstrekk og senebetennelse i vente på resultatet?
Her er det. Sjarmerande skeivt og nesten ferdig.




Eg tenkte i grunn å ha ein kran til vasken, men då eg først snubla over eit godt tilbod var eg ikkje særskild fysen på å sage meir i denne sprø greia.
Her er det mykje gjenbruk. Ein tv-benk frå gjenbruksbutikken, bakplate og steikeomnsdøra er tilpassa frå skap og hyller som er revne ut frå soverommet vårt. Der kjem også magnetlukkinga på steikeomnen frå. Vasken er eit vaskefat frå sjukeheimen der mi mor jobbar (ho fekk det, altså). 
Resten av småtteria er kjøpt på Biltema. 
Eg byta forøvrig ut beina med hjul, så den er lett å flytte rundt for å støvsuge og hente fram små leiker som havnar under.
Og det som manglar er altså ei gardin framføre nedste hylle og ein kurv og to inni "kjøleskapet".

Eg hadde eit før-bilete, men det finn eg ikkje att, men eg kan sei så mykje at den i alle fall ikkje var kvit! 

I morgon er heimedagen til Ella, og det er meldt storm. Satsar på noko bra kokkelering, då!


post signature

mandag 5. mars 2012

5 Reise



Kastar meg med i Øyeblikk sin fotokonkonkurranse. Tema er "reise", og bilete er fra Paris (duh!!) i juli 2010.
Ikkje eit teknisk vidunder av eit foto, men eg likar det : )





post signature

1 Til oppmuntring

Lys i tunnelen. Håp for den håplause. Ikkje gje opp. Det er ikkje for seint. Ikkje heng med hovudet...
Tolk den som du vil.
Dette er helgas time lapse-prosjekt frå pappa P. Han ana verkeleg ikkje kva han skulle med den, så då tek eg den : )



Det ER jo ganske fascinerande?!
God vekestart!


post signature

mandag 27. februar 2012

3 Vase av lyspære



Søte, ikkje sant?
Lett å lage, men ingen barneaktivitet! Her er det glasknusing innvolvert. Brrr...
Ei lita bitetang, tynn ståltråd og sjølvsagt lyspærer er alt du treng. Ein meir detaljert forklaring finn du her.
Men skund deg, i løpet av året går glødepærene ut av produksjon. Spiralsparepærer vert liksom ikkje heilt det same. 


Denne er fin å sette dei første vårblomane i, vettu!
Ideen fann eg via Pinterest. Ein fantastisk anvendeleg, moro liten tidstjuv ; )



post signature

lørdag 25. februar 2012

6 Heimelaga plastelina | DIY


Oppskrifta fekk Ella med seg heim frå barnehagen ein dag. Deigen skal helde seg fin i ca. to veker i ein plastpose i kjøleskapet. Om den vert litt tørr, vil eg tru det funkar å tilsetje litt meir olje etterkvart.

Eg halverte oppskrifta og fekk då ein klump omlag på størrelse med den Ella sit og jobbar med på bilete. Grunna ei lita ulukke med konditorfargen, vart det kun ein farge på vår deig i dag. Her kan ein sjølvsagt dele opp røra/deigen og blande inn mange ulike fargar.



post signature

torsdag 23. februar 2012

7 Karneval

Ella har øvd seg i fleire dagar på tigerbrølet ho skal skremme alle med i barnehagen i dag. Den fine drakta er lånt av fetter Konrad. Og så måtte me jo male litt. Enklare sagt enn gjort med ein liten sprelsk tiger som helst ville gjere det sjølv.
Og sleip andletsmaling frå daglegvarebutikken er vel heller ikkje å anbefale. Må hugse å sende pappa på Standard neste gong han er i Oslo!


Men Ella vart godt nøgd, ho! Og gleda seg storvegs til både brøling og pølse i brød i barnehagen: )

"Bursdagsbornet" i forrige innlegg rakk akkurat å feire litt før han vart frykteleg forkjøla og febersjuk. Det sit framleis litt i, men stemma er på veg tilbake : )


post signature

fredag 17. februar 2012

3 1/2 år!



Hurra for fine, snille, blide guten vår!
Om to straksar (speilegg) hentar me storesyster tidleg i barnehagen, køyrer pappa P som skal ha jobbehelg i Oslo til flyet og vidare til mormor og morfar for å feire halvt år og fastelavn : )
God helg!



post signature