søndag 25. april 2010

1 Ein dag på kontoret

Jaja, kontor og kontor... Men det var ikkje poenget her.


Ella har nemleg nase for elektronikk. Ho kan lukte ein mobiltelefon på ti meters avstand, og kan vise mykje temperament om den ikkje kjem ho i hende fortare en svint. 
Den har vore ein del i munnen også, konsekvensen av dette er ein litt smårusta ladeinngong.
Ho skjønar at den skal opp til øyre og at ein skal prate samstundes.
"Hæ!....golligolligolli!"


Me har ingen fasttelefon, så at ho veit det fins noko anna enn mobil skal ho ha cred for. Og at fantasien er på plass, er jo godt å sjå. Datamus som telefon, liksom!
Men telefon med leidning, Ella? Nei, den må du dra lengre ut på landet med! ; )


post signature

1 kommentar:

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!