Ferien gjekk frykteleg fort, og akkurat i det vårlufta byrja i kitle oss i nasa måtte me vende den aust att. Det er ikkje det same med vår i Oslo, som i mor Ingrid sin barndomsheim midt mellom skogholtet og sjøkanten. Der luktar våren ferske barnåler og frisk bris frå havet. Det gjer det ikkje på Carl Berner.
Men så skal eg vel takke Oslo for at eg no set større pris på alt eg tok for gitt då eg framleis budde der. Og det vert vel kanskje vestlendingar av oss att om ei stund. Om me finn det rette huset, eller tomta.
Og kanskje mest av alt: den rette tida..
Det var mykje kaldt og surt ver i ferien, men me fekk nokre turar til fjells og på Holmen likevel. Eggjakt med rebuskart var nok høgdepunktet for dei to eldste av dei yngste. Og jammen fann dei fem egg!
Eitt til kvar i syskjenborngjengen.
Gapahuken til tremenning Elise var knallgod å ha i den kalde vinden
Men kvardag att altså. Ella er tilbake i barnehagen og eg er husmor på fulltid (det høyres så mykje betre ut enn arbeidsledig). Eg skal tilbake til Bok & Media i fire veker, men det er ikkje før om litt. Enn så lenge sender eg søknadar for hausten, ryddar og vaskar i heimen og lagar mat frå botn av. Med sånn passe suksess, men ein lærer jo av sine feil : )
Snart kjem våren, og den ER god i Oslo også, så det GLER me oss til! Det skal bli deilig å lette litt på lammeskinnet i vogna og lufte tottelottane!
Og våren går fort, og så kjem sommaren og då skal me leike meir på Holmen!
♥






Hei:-) Eg kjem på "husmorbesøk" ein gong i løpet av helga! Gler meg!
SvarSlettHusmorbesøk! I love it!
SvarSlettdette var koselig mimring. det var utrolig kjekt og ha alle samlet,5 flotte barnebarn, selv om snotte hang og krupphosten lurte, men doktoren var jo med oss.. vi håper på varme neste gang..
SvarSlett