søndag 11. april 2010

0 Mmm...

Me har nytt kamera, og mykje er likt mitt gamle 20D, men langt meir avansert. Og i kveld oppdaga eg at det også vart for avansert for vår litt gamle versjon av Aperture, den godtok ikkje biletformatet eg har brukt dei siste to dagane. Og eg som skulle vise nye spilloppar frå Ella... Æsj. 
Så då får eg finne på noko anna.


Eg har ikkje tenkt å utfordre broderen på matblogging, men litt innimellom kan jo ikkje skade. Me kokkelerte nemleg litt alle saman i påska, på same tid i mormor G sitt 12 kvadratmeter "store" kjøken. Syster B laga sjokoladeis, eg laga påskekyss (påskevarianten av pikekyss), og broderkokken laga påskelam. Og jammen sneik lammet seg inn i steikeomnen fyrst, så kyssa måtte liggje på vent. Det har nok aldri vore så mange kyss på matboda på Kalveid før. Ikkje samstundes i alle fall.


Broderen tek seg nok av lammeoppskrifter, så her vert det is på menyen. Oppskrifta fann me i bladet  Foreldre & Barn #4. Der fann me også kysseoppskrifta, men det var strengt teke vanleg marengs. Denne isen var derimot ei smaksbombe som ein treng ein stor kopp kaffi og gjerne nokre friske bær til.







HEIMELAGA SJOKOLADEIS
200 g sjokolade av god kvalitet
3 egg
100 g sukker
3 dl kremfløyte
(Farga sukker til pynt)

Smelt sjokolade over vannbad.
Pisk egg og sukker til eggedosis. Tilset den smelta sjokoladen og pisk vidare i eit par minuttar. Pisk kremfløyten til det dannar seg toppar. Vend kremen forsiktig inn i sjokoladeblandinga.
Dekk ei 1-liters brødform (her: Tupperware) med bakepapir og hell sjokolademassen i forma. Set forma i djupfrysaren til massen er stivna, gjerne natta over. Ta forma ut av frysaren og vent 15 min. før servering.



Smekkande herleg dessert etter eit godt måltid andebryst...

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!