fredag 30. april 2010

1 mmmnammnamm...

...seier Ella. Og det er ein HERLEG lyd!
Etter eit halvt år med daglege matvanskar, er matproblemet løyst. 
Korleis? Nei, kven veit... 
No et ho det aller meste, og ho skal ete den SJØLV. 
Grauten kan me framleis få servere med skei, men den må gjerne hentast frå munnen att, kikkast litt på og så inn att. Med fingrane.

Kjøkkengolvvask er no dagleg.
Men kvardagen er så utruleg mykje lettare når Ella et!
Gris så mykje du vil du, lille ven! Gris medan du gomlar!


post signature

1 kommentar:

  1. So kjekt at ho endelig har bjynt å eta! Her og ska da etast sjøl, men ikkje ting so må etast me skei.

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!