onsdag 28. april 2010

2 Host, snufs, sutre, gjeeesp...

Her i nr 26 ligg Kleenex´a strøydd. Det gjeld å ha ein pakke på kvar hylle og kvart bord. 
Snottefaktoren er alarmerande høg. Og anna gørr.. augekatarr til dømes.
Barnehage er kjempekjekt.
Me var nesten friske, men så eksploderte det att i helga. Eller... stoppa seg til eigentleg.
Ella eksploderar litt kvar gong ho nys, faktisk. Det er i grunn fint sidan ho ikkje skjønar "blås" når eg skal tørke nasa. Kva tid skjønar ho det, eigentleg?
.
.
Det går jo litt utover søvnen, dette då. Og deretter humøret.
Me hostar og gurglar om natta, og må opp i sitjande for å få opne luftvegar. Samstundes skal ein helst ikkje vakne for mykje, for då byrjar kribilinga i halsen. Då må ein ha halsdrops, og ein skal vel helst ikkje sovne med halsdrops. Og dei er fryktleg vanskelege å knekke i to! 
.
.
Og medan me er inne på tenner: eg har vel ikkje nemnd at dei to fortenna oppe er på veg ut? Ella sine, ja. Og som om ikkje det var nok, no er tre jekslar på veg opp.
Er det rart ho er sur om dagen? Og natta?
På underleg vis havnar ho ofte mellom oss i laupet av tidlege morgontimar, 
og når ho fyrst sovnar, så søv ho godt.
Er ho ikkje knusedeilig?!?!


Er ikkje så farleg med ei dårleg natt eller ti, når me vaknar opp til dette : )

post signature

2 kommentarer:

  1. Finst ikkje deiligare! Det er også ganske deilig å få inn ei kald Maia (som har kledd av seg pysjen) kl06 til å sovne OPPÅ min mage i eit heilt kvarter:) O morgonfryd.

    SvarSlett
  2. Trudde da berre va mine unga so sove i den stillingen der...men der tok eg feil. E kje fult so deilig å vakna 05.55 av ein Magnus so står i sengo si og hyle...

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!