søndag 30. mai 2010

0 Draumen om eit småbruk

Eit hus og ein liten låve på eit idyllisk lite tun. 
Eng og åker må det vere.
Hund, kattar, høner, og kanskje nokre sauer. Eller geiter kanskje? 
Og tenk å ha ein hest! Ein roleg shetlandsponni som kan både bære og dra. 


Noko slikt har faktisk vore draumen min så lenge eg kan hugse.
I sjette klasse skreiv eg særoppgåve på skulen. Om hest sjølvsagt.
Eg syns det var så moro å skrive særoppgåve at eg skreiv ei ekstra til pappa. Om høns. Med den fylgde det ein søknad om å få høns i hagen, og ein hane - så me kunne få gule kyllingar.


Eg syns det var både rett og rimeleg ettersom huset vårt er bygd på det gamle hønsetunet til farmor. 
Men pappa berre smila og kikka på uglene i mosen.
Han hadde nok ein mistanke om ein del ekstrarbeid som kunne falle på han,
 endå så mykje eg lova og korsa halsen.
Eller kanskje han syns det haldt med dei 18 hamstrane eg og broderen hadde i kjellaren.
Søknaden vart avslått. 


Men kanskje ein vakker dag?
På småbruket vårt. Ved sjøen.

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!