Ella går ikkje på eiga hand (eller fot) enno, men det står ikkje på innsatsen. Gåvogn vart kjøpt for bursdagspengar, og ho ELSKAR den! Ho går, og går og går. Og ettersom stova vår ikkje er så stor, må mamma og pappa snu, og snu og snu vogna.
I går tok me den med ut i bakgården, der fekk ho gå til ho stupa : )
Konsentrasjonen er stor, det same er farten.
Eit lite tørt haustblad fekk lov å liggje oppi trilla. Kanskje ryddar ho til våren?
Ho har såvidt byrja å sleppe seg når ho står. Nokre sekund no og då.
Det er så moro! Me har storvegs underhaldning kvar dag.

Spaningsunderhaldning også.
I dag til dømes, svelgte ho øyrepynten min...
Ein liten filmsnutt til slutt, har du lyden på vert den riktig så koseleg!
Kvaliteten her på blogspot er diverre forferdeleg dårleg... : (
Foto og redigering: Pappa P
Musikk: Bobby McFerrin: "Baby"
Musikk: Bobby McFerrin: "Baby"
♥





Så herlig Ella er :-)
SvarSlettLove this movie ;-)
SvarSlettSå fine bilder av ei skjønn jente:)
SvarSlett