Det må gjerne besøk utanfrå til at ein kjem seg rundt på turistattraksjonar i lokalmiljøet.
I pinsa har farmor og farfar vore her, det same har sola! Så då måtte me jo finne på noko sprell.
Me sprella oss opp til nye Holmenkollen.
Ellers har Skype funka som ei kule i vinter med farmor og farfar langt nede på Kanariøyane. Me har ikkje truffe dei sidan jul, men Ella ynskja dei velkomne med opne armar og eit stort smil : )
Ho er for øvrig i grimasemodus store delar av dagen, og viftar kamera langt bort. Så dette er beste bevis på Ella i bakken. Eller... VED bakken.
Takk og lov.
Den må besøkast att komande vinter, med snø og folk i bakken. Eg må sjå med eigne auge at folk er gal nok til å settje utfor...
Dagens smiiiil:
Jobb frå august er i boks! Yey!
Kontaktlærar på 1. trinn. OÆÆ! Pittesmå 6-åringar! (Unnskyld, Mathea...) Eg skjelv i knea, eg som er vand med tøffe-i-trynet-tenåringar...
Men 10-15 minuttars spasertur til jobb vert fint : )
♥




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!