Her om dagen, då eg parkerte vogna under trappa, måtte eg settje Ella i frå meg for å få med meg alt som låg under vogna.
Brått byrja Ella å klatre i trappene, ho stoppa ikkje før ho var halvvegs heime.
Dagen etter klatra ho heile vegen heim til 3. etasje.
Ikkje visste eg at ho kunne klatre i trapper!
♥
Så til fiskesuppa. Den var middagen i dag.
Brått fekk Ella spidda ein fiskebollebit med gaffelen, sikta og "svopp!" rett i munnen!
Ståande applaus!
Tenk at gaffeleting kan gjere to vaksne menneske så stolt!
Ho har jo aldri ete med gaffel før!
♥
Og så kom mammo på dåpsgåva frå mormor og morfar!
Og me som har styra med pittesmå t-skeier.
Fiskesuppe frå heimens finaste porselen og sylvskei.
Slik må det vere for ei lita prinsesse som skal ete sjølv!
Slik må det vere for ei lita prinsesse som skal ete sjølv!
Skjønt dette med skei var litt vanskeleg...
Foto og redigering: Pappa P
Musikk: Pappa P
♥

så herligt.full fart til munnen før det forsvinner, mormor måtte le så tårene kom frem. du er blitt så flink Ellamoren.
SvarSlettSo flink Ella e! Magnus prøve seg litt me gaffel av og te, men da blir oftast berre tull og farlig for både han og andre. So nevane funka best. Trengst av og te ein grundig vask ittepå, men, men, adle får ete på ein gong, og da e viktig i ein litt for travel kvardag.
SvarSlettThihi så søt hun er! :D
SvarSlettHilsen Ricke
Flinke Ella!! Skytteltrafikk mellom skåla og munnen. Sånn skal det være :-)
SvarSlettFlink ELla. Her går det i fyrste smaksprøver på fruktmos. Ansiktet til Eiril ser derfor ganske likt ut som ELla sitt; fullt av mat. Ikkje lett for nybegynnere å vita koss man skal svelge mat som ikkje komme inn via ein pupp... :) B
SvarSlettHei:) Så fantastisk vakker liten jente dere har! Det er rart med det hvordan de små fremskrittene til våre håpefulle kan føles så store og stolte for oss som står de nærmest. Jeg blir stolt som en høne hver gang Lille w gjør noe nytt. Han fungerer liksom - min egen lille! :)
SvarSlettTakk for hyggelig kommentar på bloggen min i dag forresten. Den gjorde meg glad, kanskje spesielt fordi jeg synes det var så skummelt å legge ut et bilde av meg selv på bloggen. Så tusen takk for smilet:)
Håper du har hatt en herlig helg og at enda bedre uke venter!
Stor klem