søndag 9. mai 2010

0 Trøytt etter helga

Skulle tru me hadde vore på vift, men det er me sjeldan. Likevel lengtar me etter å sove ut etter helga. 
Pappa P har riktig nok jobba, men ingen av oss har trengt å stå tidleg opp.
Men det brydde ikkje Frøken Dings seg om.
Som regel må me vekke ho i 8-tida på kvardagen. Denne sundagen var det rise & shine kl 6. 
Og det etter å ha halde oss vakne natta før. 
Kven seier at nattetimane er små? 
Eg er sikker på me var vaken minst ein evighet. Eller æve, heiter det.


Dagens babyoutfit er mormor sin kreasjon frå tiiiidleg 80-talet. 
Denne hadde eg på meg som lita, og er jo berre smashing!
Ikkje så mykje ein får sett av den her, men det var dette som vart redigert i kveld. 
Ikkje så skarpt som eg skulle ynskje heller...
Eg gler meg til me får hus og fleire rom (og hage og bil og hund..)
Då vert det heimestudio for både den eine og den andre. Musikk og foto om kvarandre! 
O´ lukke!!



post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!