lørdag 25. september 2010

0 2-åring i huset?

Nei, Ella har ikkje vakse SÅ fort i det siste. Eg siktar nemleg til mor hennar. Meg.
"Gjere sjølv!" Litt trassig. Det er meg.
Veldig ofte når eg ser ting andre lagar og sel, tenkjer eg "Oi, sånn har eg lyst på! ... men det kan eg jo klare sjølv!" 
Nesten like ofte vert det ingenting av. Eg tek kanskje eit bilete, eller ei rask skisse eg legg ein "lur" stad. Jeje. 
Det vert gløymd. 


Eg les litt bloggar, men ikkje så mykje lengre, men favoritten Fru Fly må eg innom dagleg. Kreativt og estetisk, det kan me like. Det var der eg såg dei artige synstestane som eg altså måtte "gjere sjølv". Og denne gongen gjorde eg det. Den står på hylla i stova. Kanskje ein dag, når me har fått systematisert rotet vårt, kjem det bilete av resten av fornyinga vår også?
Kanskje det, kanskje...
Fru Fly sel forresten printa sine på epla, ei ARTIG nettside med mykje anna fint også : )

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!