Eller award som det heiter her i blogglandia.
Min vesle blogg er jo først og fremst tenkt som ein liten kvardagsblogg og oppdatering frå toppen av Rodeløkka til familie og vener i resten av landet. Men innimellom kjem det andre på besøk også, det syns eg jo er veldig koseleg!
Eg har ikkje stort eksponeringsbehov, så eg legg meg aldri som tilhengjar av andre bloggar. Bloggen er også stengt frå google sine søkesider. Eg har mange gongar lurt på om eg skal endre dette, for så å lage ein blogg med breiare apell, men eg endar alltid opp med at tida mi ikkje strekk til. Så det får bli som det er enn så lenge. Ein liten familieblogg som kanskje ikkje er så lett å finne, men er open for alle som måtte ha lyst å stikke innom.
Awarden har eg fått av gode Terese med bloggen Oppe på loftet. Veninne frå HiO som akkurat har flytta alt for langt bort. Ei ekte, kreativ fargebombe utan filter, så denne awarden trykkjer eg til mitt bryst! Seier ho det så meinar ho det : )
Med awarden fylgjer oppmodinga om å fortelje sju ting ingen veit om deg. Altså meg. Det trur eg ikkje eg greier. Det er som regel ein grunn til at ingen veit, og då legg eg det jo ikkje ut på nett : ) Ikkje at eg kjem på noko ingen veit...
Men eg kan dele noko som ikkje ALLE veit!
1
Eg har aldri lukeparkert, til tross for at eg har hatt lappen i 11 år. Eg har aldri heller hatt behov for å lukeparkere.
2
Eg (og bror min) har, på det meste, hatt 18 hamstrar samstundes.
3
Eg drakk H-mjølk og åt ingenting anna enn Nugatti på brødskiva fram til eg var kanskje 16 år. (Så vog eg heller aldri over 50 kg før eg var over 20 år.)
4
Eg fekk katt etter eg vann 1000,- i kattemat. Katten døydde etter 2 veker (absolutt ikkje av omsorgssvikt!) og butikksjefen syns synd i meg og lot meg cashe inn kattematpengane i ei messinglysekrune.
5
Eg har fått Oslo brannvesen til å rykkje ut med to bilar og fullt mannskap heilt unødvendig. Eg hadde allereie slokka brannen med ei fleecejakke og augnevippene mine...
6
Eg overlevde tyskfaget (og fekk 5!) ved å skrive stil ut frå setningsdøma i ordboka. Ssj!!
7
Eg meiner bestemt at eg er veldig systematisk, ryddig og har kontroll på tinga mine, men Petter seier oftare og oftare det motsatte...
✿

Godt du skrev at andre kan stikke innom;) Grattis med award - de finner fram uansett...
SvarSlettEi skjønn lita jente du har, og masse flotte bilder i bloggen din!
Kan gi deg systematisk og ryddig på punkt syv, men "har kontroll på tinga mine" er løgn, løgn, og atter løgn!!
SvarSlett:) love this blog! Petter- vær nå grei med kånå di. :)
SvarSlettHaha.. Dette var gøy frokostlesing!
SvarSlettOg gratulerer m award, vel fortjent syns jeg
Gratulerer med award, som leser av bloggen til Terese stikker eg innom din også, du tar så mange fine bilder, og så er det artig å lese om andres kvardag med småbarn...
SvarSlett