mandag 20. september 2010

3 Godstunder

Ella er eit sirkus i seg sjølv for tida. Ho tullar og tøyser, syng og dansar - gullmedalje for underhaldning!
Me ler så me ristar dagleg, og det går mykje i 
- Petter, dette må du sjå!
- Ingrid, har du fått med deg at ho kan dette..?
- Haha, sjå ho no, då!

Brått ein dag la ho seg ned på golvet og gøymde seg.
- Kva skjedde? Er ho lei seg? Neeei... Kva gjer du, Ella?
...
Der låg ho. Lenge. Heilt til dei små grå til mamma (eller var det pappa?) fekk summa seg til å tenke i rett bane. Så var det berre å syngje. Og vente.
- Bjørnen sover, bjørnen sover...
Og jammen spratt ho ikkje opp til slutt! Med eit lite bjørnebabybrøl!


No søv ho godt.
Og heimen luktar nysteikte spelthorn med ost og skinke.
Kvardagen er jo ikkje så verst den heller : )

post signature

3 kommentarer:

  1. Det er jenta si, det! :-)

    SvarSlett
  2. So kul ho e! Og so bra å lesa at du ikkje har da alt for travelt heila tio :) Magnus drive ikkje me sånne morsomme ting, han går helde på rommet sitt og leka med bilane åleina, for å vera i fred for Selma....

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!