Ei herleg helg har det vore!
Shopping, venebesøk i Bærum og søndagstur rundt Sognsvann i strålande haustsol.
Pølse og Kvikk Lunsj. Men mest familiekos.
Vekene er travle. Mildt sagt. Mange dagar er eg att på jobb til langt over barnahagehentetid, andre dagar har eg kome heim til middag og syklar tilbake for å ordne meir.
Nokre ting går seg til, andre ikkje.
Det er ikkje akkurat ein fryd å vere i jobb for tida. Eg byrjar å skjøne denne tidsklemmeproblematikken.
Bloggen er nedprioritert og vert kjip og keisam.

Om halvanna veke sit me på flyet til Gran Canaria.
Ti dagar med sol og tapas, basseng på terassen, farmor og farfar, FRI og familieTID!
Me tel ned!
♥


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!