mandag 27. september 2010

1 Siste snus

Hausten er her. På ordentleg. Ein dag er det surt og kaldt, andre dagar er lufta skarp, men sola varmar.
Ulla er i bruk, og varme haust- og vintersko står på ynskjelista.
I går var Ella og eg ute i bakgården og snusa inn dei siste blomane. Dei fleste har allereie takka for seg. Fargane er fine uansett.
  
  

Haustferien er her snart, og aldri har den vore meir velkomen! Og vår vert ekstra lang. Onsdag set me oss FORHÅPENTLEGVIS på flyet til Gran Canaria. 
Om ikkje me er heilt sikre? Joda, men me er ikkje Herr og Fru Uheldig for ingenting. Er det ein terrortrussel eller ein naturkatastrofe ute og går, brukar me som regel å treffe på dei. Denne gongen er det generalstreik i Frankrike. Utan flygleiarar i Frankrike vert det kanskje vanskeleg å fly over.
Er det mogleg? Ja, kven skulle tru...


post signature

1 kommentar:

  1. Så bra du kom innom bloggen min igjen - for eg fann ikkje deg att i bloglandia!! Herlige bilder av veslemor - nydelige farger!!
    Legg deg til på bloggrollen min - så du ikkje vert borte at! Hihi..!! Klem!

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!