Påskeferien har vore heilt tipp-topp. Veret gav meir somarkjensle enn påske, det gjorde slett ingenting.
Vesle familien Misje er tilbake i Oslo, og to av tre er tilbake i kvardagen.
Eg byrjar ikkje før i morgon og nyttar dagen til klesvask, husrydding, småærend og etterkvart er planen å få unna nokre skriftlege vurderingar som dagens elevar og foreldre har krav på. Ei lita blekke per person.
Aldri har eg vorte så godt dokumentert...
Ein ekstra fridag er herleg. Eg byrjar merke forskjellen på å gå gravid som førstegongs og som småbornsmor. Det er litt meir bøy og tøy denne gongen og ryggen har byrja å sei i frå om det. Det kunne den godt ha spart seg for, syns eg.
Eg får finne papirarbeidet og gjere som pusen ; )
♡

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du seie nokre ord? Så kjekt!