Det er "ferdig" på Ella-språket : )
Eg hadde litt tråd att frå buksa, så eg skulle berre strikke ei lue å slenge med. Så kjem ein lang, keisam historie om for lite garn, nytt nøste, stygg lue, opprekking, ny modell/oppskrift, og over eit garnnøste til overs likevel.
Så det tok litt lengre tid enn planlagd, men eg fekk prøvd nok ei ny oppskrift. Det er jo alltid gøy!

Buksa er frå "Strikk til nøstebarn", lua er frå "Myk start". Veldig fine bøker, begge to, men om du anskaffar deg sistnemnde, så sørg for å laste ned PDF-fila med rettingar til boka, for den er diverre full av feil. Boka altså.
(Edit: no har eg lært at i 3. opplag av Myk Start er feila retta opp i, 2. opplag veit eg ingenting om, eg har 1. opplag. Kjipt for meg. Takk til Guro for opplysninga!)

Så vert det spanande å sjå om settet fell i smak hos mottakaren, og om plagga faktisk kan brukast samstundes, med tanke på størrelse...
♥

Hei!
SvarSlettTakk for koselig kommentar. Skal sjå om eg kan lage et lite kurs om skarping i PS. Ellers trur eg Fru Fly har nokre små tips om etterbehandling i PS.
Kjempefine ting du har strikka. Men eg falt mest for den lille taggen - den var flott!! : )
Den hua har eg og strikka! Magnus brukte ho heilt i starten, og var veldig bra! Men eg laga band til knyting under haka.
SvarSlett