..er kanskje ikkje naudsynt i desse forsomars dagar. I dag må det ha vore rundt 20 varme, gode grader i Oslo. Heilt herleg.
Det er fint der som denne jakka skal sendast til også, men den vesle tulla har nok ikkje same behov for å kaste av seg i sola som oss andre.
Det kjem ikkje fram på bilete, men jakka er LITA, difor hastar det litt med å få den avgårde. Den strekker seg godt i breidda, men dei små nyfødde har ein tendens til å strekke seg meir i lengda, så me får sjå kor lenge den varar.
Koseleg å strikke pittesmått, i alle fall. Oppskrifta er opprinneleg ein body frå boka Myk Start, men etter tips frå fine kusine Bergljot, gjorde eg den om til ei jakke. Litt meir anvendeleg, kanskje. Eg hekla også på nokre ekstra museøyrer. Eg er svak for dei. Det vert så yndig : )
Det ser jo ut som eg ikkje kan strikke, ujamnt og gale. Eg skuldar litt på den tynne tråden, eg... Men når sant skal seiast så strikkar eg ikkje like stramt rett som vrangt. Det kjem forhåpentlegvis med åra.
♡





Så fiiiin. Den såg god ut (og den ser liten ut på bildet og syns eg!)
SvarSlettSå fin den er :-) Hvilket garn har du brukt? Den så veldig god ut.
SvarSlettVeit du, no vart eg litt usikker, for eg fant ikkje restane. Men det er alpaca, eg hugsar berre ikkje om den er frå Drops eller Du Store Alpaca..
SvarSlettDet gråe settet lengre nede på bloggen er Dropsgarn.
Strikkar alltid babyklede i alpaca, det vert så delikat og luftig. Syns babyulla ofte blir litt tett..
Lukka til med sokkestrikkeinnspurten! Du er flink og ikkje minst utholdande : )
Så fin jakken blei! Og knappane var veldig søte. Betre enn hjartene eg hadde...
SvarSlett