Ettersom telefonen min har kome i trassalderen, som for mobiltelefonar som regel er like før pensjonsalder, har eg bestilt meg iPhone. Det er ikkje alt eg er beigeistra for når det kjem til den vesle saken som snart vert levert på døra. Til dømes syns eg den er alt for stor til ein telefon å være, men så er det jo ikkje berre ein telefon heller. Eg gler meg heise til å ha GPS på telefonen, og eit meir duganes mobilkamera. Pappa P byrjar å bli lei av stadig mas om at han skal slå på Hipstamatic´en, som er ein artig app! Berre sjå på bileta frå bakgårdskosen vår i dag, slåande lik hagekosbileta i dei gamle albuma frå 70-talet som står heime i mormor G og morfar B si hylle : )
Det er nesten 20 grader ute, og balkongen kjem endeleg til sin rett!
Våren er god!
✿




Hipstamatic-appen er kuuuuuul!!! Flotte vårbilder. Her har det og vore flott i dag, men me har vore i Sverige på handling. Håpar veret heldt seg utover i veka. God mandag til deko. KLEM!!
SvarSlettSå utruleg koseleg blogg du har! :)
SvarSlettSkjønne, skjønne bilder! -og gode tips nedover her!
Såg forresten tipset om rettingane til Myk start, og googla det... Då fekk eg opp ei side med rettingar, og fann fram boka mi for å skrive dei inn med det samme (som om eg ikkje har nok av andre ting på programmet i kveld!). Men då ser eg at i boka mi, som er 3.opplag 2010, er rettingane retta! Og fint var det! ;) Håpar berre alle er retta rett.. Har prøvd meg på lue til Lillebror (Glattstrikket variant i tynn alpakka, s. 44), men den blir stadig ALTFOR lita. Er han SÅ stor i hovudet, altså?? Har du erfaring med den oppskrifta?
Uansett.. Ønskar deg deilige, vårlege dagar!
-og takk for at du viste meg vegen inn hit!