onsdag 6. april 2011

4 Store planar

Stoff & Stil kom for eit par månadar sidan til Oslo, hipp hipp hurra!!
På måndag var eg der med tre jentedamer frå jobb. No offend, men det var mykje artigare enn å ha pappa P med : ) (Og han er nok enda lukkelegare han slepp Drammen- og Åsaneturane når dei byd seg)
Det er ikkje så mykje saum i heimen for tida (skjerpings!). Eg skulle vore på overlock-kurs i helga som var, men det vart utsatt til starten av mai. Kjipern. Eg var veldig klar for å få dreisen på den nye maskina mi.
Men litt saum blir det likevel på torsdagsklubben på jobb. Det er ein svært så koseleg strikke/sy/diverse hobby/elevarbeidretting/skvaldreklubb på kunst og handverksrommet. 
Eg er akkurat nesten ferdig med ein kjole til Ella, som verken vart fin eller passeleg. Kanskje likar eg den når den er passeleg : )


No vert det uansett litt bukser framover, eg skal lære bort jumpsuiten eg har sydd ein del av, og har lyst å prøve meg på body og heildrakt til broremann i magen. Masse fine stoff til han vart med i posen på måndag. Ella er også supersøt i blått, så det dryp nok litt på ho også : )


post signature

4 kommentarer:

  1. Eg skulle ønska eg fekk Stoff og Stil hit te eg bur. Eg tok faktisk fram symaskino i dag, og ska legga ut noken bilde av ka eg drive med når da e ferdig. Broremann i magen? Så kos!

    SvarSlett
  2. :) Veldig kjekt med tur te Stoff og Stil! OG ENDÅ KJEKKARE SKA DET BLI PÅ OVERLOCK-KURS :) :)
    Kjempekoselig og fin blogg! Så flink de er til å ta bilder!!! Kanskje du skal holde fotokurs på neste torsdagsklubb? Det kan lokke guttan te torsdagsklubben vettu!

    SvarSlett
  3. Så mye fint stoff du har kjøpt deg. Det er morsomt å handle på Stoff og Stil :-)

    SvarSlett
  4. Så fine stoff:) Eg må nok og ta meg ein tur snart - på tide å begynne med sommerkolleksjonen for alvor:) Men fyrst må eg få stoffet i posten fra en dansk nettbutikk, og DER kjem supre body-stoffer!! Både til broremenn (kjenner jo nokre broremenn på vei både her og der...) og småjenter;)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!