tirsdag 31. januar 2012

0 Snart for stor

Broremann søv framleis ein eller fleire daglurar i Leandervugga si som morfar har laga stativ til. Han har fått sengehimmel sidan forrige innlegg, og har det finfint inni si vesle hule.





Eller lavvoen som nokre lausmunna slektningar kalla den ; )
Sengehimmelen sydde eg til baby Ella si seng for snart tre år sidan av eit par gardiner eg ikkje hadde bruk for lengre.
Sånn reint estetisk burde den vel ikkje henge nedafor vuggekanten, men mogleg den skal få ny misjon på storesyster sitt rom når Broremann er ferdig med den, så eg ville ikkje "øydeleggje" den.

Eg held forresten på med eit veldig artig prosjekt. Det krev litt gammalt, litt nytt, saging, spikring, skruing og maling. Mykje maling. Meir om det seinare!

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!