mandag 20. juni 2011

2 Fin jente, stor mage

Det tok litt tid før Ella fekk hår på hovudet, nokon hugsar kanskje kor stolt eg var då eg fekk dette til i fjor sommar : ) Ojojoj, som tida flyr og jenta veks! Større og vakrare for kvar dag. Pappa P og eg er stolte som høner og hanar!
Og ekstra stor vert ho når eg får lov å pynte ho litt på toppen. Det er ikkje like velkoment alltid, så like beint vert det ikkje alltid. Av ein eller anna grunn satt Ella fint i ro hos mormor, og mormor fekk både børste, linjere skilje og trekke strikken fire(!) gonger rundt musehalen : ) 




Men eg får lov å prøve meg eg også. Så no kan eg endeleg ta fram all den fine hårpynten eg har kjøpt i optimistiske stunder i eitt års tid. Desse er fra H&M og er utruleg skjønne til jeans og blondeblusen. Jadda, ho mor er herved godt i gong med moteblogging for småjenter : )


Eit magebilete og to fekk me til i helga også. Ella kosar støtt og stadig med den store bolla. Navlen, som for tida er eit leksikoneksemplar på utovernavle, kallar ho "tomat"...
Eg er for øvrig i veke 33 i desse dagar, og lengtar etter termindatoen som nesten er heilt på andre sida av sommarferien. 12. august altså. Men likevel berre fire arbeidsdagar att!


post signature

2 kommentarer:

  1. Veldig fin pynt og fin mage!

    SvarSlett
  2. Så fine begge to!! Og godt å se at håret komme ittekvert, då e det håp for Eiril og;)

    SvarSlett

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!