torsdag 9. juni 2011

0 Utsiktspost

I helga steig gradene over 25 her i Oslo, og det vart reint utriveleg for mor med magen på den ellers så fine balkongen vår. Ella og eg tok oss ein spasertur til Jysk og kom heim med parasoll og fot, og hadde heller ikkje lagt att store slanten i butikken.
Det er på dagar som dette eg skjønar amerikanarane sin "love for shade". Mi mor kan nemleg ikkje fatte og begripe at slekta vår der borte kan ha store "tunge" trær i hagen som stel sola...
Eg og Ella hadde det i alle fall heilt fabelaktig in the lovely shade, med skulebrød, melon og sommarsaft.


Det var då.
No er er det regn og ei fukt i lufta som sett alle mine hårstrå i krus. Kleda turkar ikkje, og det er klamt  og klebrig både dag og natt.
Nei, no tek eg flyet til vakre vesten, så kan våte austen berre ha det så godt!
Tata!!


post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du seie nokre ord? Så kjekt!